norge

Hei, og mange takk for sist!

Vi takkar så mykje for samarbeidet med deg! Det var eit strålande opphald på alle måtar, og du tok ansvar for oss på ein utruleg fin måte.
Programmet var svært interessant, og vi fekk ein god diskusjon fredag ettermiddag der vi reflekterte over kva vi hadde fått høyre og sett. Ikkje minst var det viktig å diskutere kva dette kan bety for vårt land og vårt virke.
Vi var elles svært nøgde med transportavvikling, hotell og restaurantar. Vi som fekk glede av guidinga di i Bologna, vart også inspirerte til å kome tilbake.

Venleg helsing

Åslaug Krogsæter
Fylkesmannen i Hordaland